Thursday, November 10, 2011

En Raggamo-klassiker til glede for alle lesere: KVAS II

Her er scena: Eit bord på ein typisk kafé i Tromsø. To unge menn sit rundt det, og begge har på seg hettegenser. Ute herskar kulda, så hettegenseren er definitivt eit praktisk plagg. Ein av dei unge mennene er meg. Det vil seie, han er ein av meg. "Eg" har tydelegvis opphøyrt å vere noko eintydig fenomen. Sært nok, men eg kjem tilbake til det. Det sit to personar rundt eit bord på ein kafé, den eine drikk kaffi, den andre te fordi kaffi gjer at han kjenner seg overstimulert. Dei nippar til kvar sin væske. Det snyr utanfor. Det dryppar smeltevatn frå jakkane deira. I kor. Men ingen høyrer disse dråpane. Kva diskuterer disse to? Munnane deira røyrer seg, og ord kjem unekteleg ut. Kommunikasjon. Dei diskuterer meiningslaushet. Dei diskuterer meining.

Kvardagen kjennes platt, og det hjelper ikkje at begge to er smertefullt klar over at disse orda har blitt ein klisjé. Tygd av popkulturen og spytta ut igjen. Forskjellen er kanskje at hos disse to er kjenslane bak orda ekte. Ikkje eit direkte produkt av noko eksternt, men deira reaksjon på korleis samfunnet behandlar dei. Du skal bankast gjennom eit bankebrett, bankaren bryr seg ikkje om kva for ei form du har. Han gjer som han er programmert til. Siden alle omgrep er stelte, forsvinn meininga i språket. Men berre frå språket i seg sjølv. Over det nemnte kafébordet forstår disse to kvarandre. Språket er fattig, utarma og forgifta av samfunnet og populærkulturens kunstgjødsel, men kommunikasjonen er rik. Han eine er ikkje meg. Han andre er meg. Ein av meg.

Han som er ein av meg gjeng heim. Prøvar å skrive noko. Han skriv på nynorsk, ikkje fordi han er nokon stor tilhengjar av språket, men fordi han er lei av å skrive på bokmål. Han har skreve alt for mange artiklar og vil ikkje at alt han skriv skal vere påverka av dét. Han finn fram den gamle "snerten" han brukte å ha over språket sitt. Dei knappe setningane. Skildringane. Heile uttrykket hans manifesterer seg gjennom eit semi-framandspråk. Han trekk på smilebandet. Sett på nokre gamle songar av Ella Fitzgerald. Kjensla av musikken som vibrerar gjennom ham er overveldande, men roleg. Hans fascinasjon for musikk er stor. Han har diskutert dette fenomenet ivrig dei siste dagane. Han skriv ned tankane sine om temaet.

"Eg elskar musikk. Fyrst og framst musikk med sjel. Sjel er ein viktig faktor som opererer uavhengig av sjanger. Eg har høyrt sjel manifestere seg i reggae, funk, hip-hop, jazz, sjølvsagt også i soul og mange andre sjangre. Denne kjensla er så ekte! Den fyllar deg opp, held deg flytande på ei herlig elv av ekstase. Det er ikkje viktig kva artisten har stått for og kva som eigentlig ligg bak. Alle veit kor grusom platebransjen og marknadstenkinga kan vere. Det har fint lite å seie, for sjela har den egenskapa at ho skinn igjennom same kva for hinder du sett i vegen for ho. Eg elskar sjel. Eg trur det er ho som får meg til å elske musikk. Enkel eller komplisert. Tenk for eksempel på rastafarimusikarar. Eg har lese nok om rastafarianismen. Eg er dypt ueinig i det meste. Deira hovedideolog, Marcus Garvey var i møtar med Ku Klux Klan og vart heilt enig med dei. Frelsaren deira, Haile Selassie var ein diktator som attpåtil bekjente seg til ortodoks kristendom, Marcus Garvey gjekk ikkje eingong god for ham. Likevel, når du høyrer på Marley og Tosh, får du ei god kjensle av deira sosiale engasjement, du merkar at sjela bak det heile er bra. Mange hip-hop'arar, særleg dei sosio-politisk engasjerte tilhøyrer Nation of Islam, ei ekstrem black power-gruppe (dei har sin sjarm) som også har hatt kontakt med KKK. Som oftest er det NOI-medlemmar som lagar den beste amerikanske hip-hop'en. Sjela kan kjennes gjennom både politisk orientering og framande språk. Bodskapet kjennes universelt.


Eg har til og med høyrt elementar av sjel i den utvanna sjangren dei kallar "rock", det vil seie, eg har ein tendens til å kalle han 'runk'. Årsaken til dette noko barnslege tilnavnet er den nær kulturrasistiske kulturen som har danna seg rundt musikkforma. 'Musikken eg høyrer på er det einaste som er bra. Eg spyttar på deg om du har sans for noko anna.' I dei seinere tider har omgrepet 'runk' utvida seg. No omfattar det meir enn berre rocken. Rocken er ei veldig populær musikkform, så det er openbart at symptomane på 'runk' vil vises der fyrst. No har eg sett det i andre miljøar også. Eg har stor kjærleik for reggaen. Eg spelar og syng reggae. Det eg ikkje har sans for er subkulturen som har danna seg rundt reggaen her i byen. Dei fleste er hippiar, eller 'alternative' menneskje. Du kan sjå det på dei alternative klærne deira, og deira identifisering med diverse rusmidlar. Dei har for rykte å vere opne, fredelege menneskje, men prøvar du infiltrere gruppa deira blir du fryst ut fordi du ikkje har på deg same kleder eller omfavnar same sjølverklærte filosofi. Heile konseptet er latterleg. 'Du er nonkonformist om du klér deg slik som meg.', kva for noko pompøst, sjølvmasturberande tull er det? Gratulerar, med di eiga sjølverklærte kjærleik for musikken, drep du mi lyst til å gå ut og høyre på han, og får meg til å høyre på han i einsemd! Du har nettopp ejakulert den sjølvgode, mentale spermen din rakt i fjeset på meg! Musikken som speles på uteplatsane kan sjølvsagt vere bra, men antipatien kan like fullt vekkast i meg. For å sette ting på spissen vil eg heller høyre på UB40 og annan pop-reggae saman med menneskje eg liker framfor å sitte åleine i ein krok i eit lokale fylt av masse ekstrovert 'alternative' menneskje som frys meg ut. Kva har folk som meg att når disse folka, disse 'runkarne' perverterer alt dei kjem over? Vi har sjela."

Han, som også er meg, fyller opp vinglaset sitt og smiler atter ein gong.

Ein annan som er meg gjeng vanlegvis ut på byen, nesten kvar helg. Han rusar seg lett i natta. Han kan ikkje ruse seg for mykje, det gjer ikkje fornuftshedonismen hans velnøgd. Han lyttar til god funk, Rick James og George Clinton får lov til å slå trommehinna hans med stor lidenskap. Einsemda skinn dog igjennom, som "sjela" i ei god låt. Han har på seg ein persona han liker godt. Han dansar, han liker å danse og nokre gongar er oppførselen hans nær den stereotype varianten av ekstrovert. Forskjella ligg i at han brukar energi på å vere blant store mengder menneskje, istaden for å få energi frå disse situasjonane. Han humrar over kva han gjer. Sære stunt, merkverdege aktivitetar. Men same kva han gjer, finn han ikkje kva han søker. Er han nøgd? Han har vært nøgd. I tider som er vekk no. Flytande sekundar. No er ein annan av han nøgd på eit anna plan. Fordi elva flyter att. Han priser det.

Men ein annan plats i verda gjeng ei kvinne som eg ikkje kjem inn i hovudet på...

Ho står føre meg - "meg" er her den "meg" "eg" liker best. Ho er vakker. Eg kan sjå ho, lukte ho, høyre stemmen hennar. Med berre ein liten anstrengelse kan eg smake ho. Eg sjår ho dypt inn i auga. Tek tak i armen hennar, spør om eg kan snakke med ho privat. Eg tek ho med meg til ein plats kor ingen kan sjå eller høyre oss. Eg fortel ho kor høgt eg sett ho. At eg er dypt og inderlig forelska i ho. At hvis eg fekk velje mellom alle kvinner i verda, ville eg valt ho. Tårane bynner renne ned kinna mine, eg bannar lågmælt og tørkar dei raskt vekk, men innser at det er umogleg å stoppe dei. Eg lar dei renne og fortsett, med tårar rennande frå augo og ord frå munnen min. Eg fortel ho at kvar einaste del av meg er galen etter ho. Kropp, sjel, ånd. At ho er ei muse for meg. Ho er rein inspirasjon, og eg elskar å føle krafta hennar flyte gjennom meg. Høgspente kjensler sitrar i kroppen min. Når eg sjår antydninga til eit smil på andletet hennar, kjennes det som ein smak av det guddommelege. Rennande tårar... Korleis skal eg forklare dette når vi returnerar til dei andre? Kvifor bryr eg meg med det spørsmålet? Kanskje fordi denne situasjonen aldri har funne stad. Eg har fortalt ho at eg er galen etter ho. Vi har kyssa fleire gonger - men eg kan ikkje hugse å ha tilstått min endelause kjærleik for ho. Det kan vere det same no, det har ikkje noko å seie i denne situasjonen. Dagdraumar...

Eg sendte ho ei tekstmelding igår, eg trur i eit kvart fall at eg var sendaren. Eg skreiv at eg gjerne ville møte ho, enten i ein draum eller på eit anna vis. Helst på eit anna vis. Helst i røynda. Eg møtte ho i ein draum, det var grønt gras, blå himmel, klare fargar. Kjensla av glede var der, men også frustrasjon. Eg har alltid undra meg over kvifor draumane mine ofte held dei same avgrensingar som det vakne livet mitt. Eg finn inga kompensering i dei nattlege draumane. Dei rike dagdraumane eg har gjer meg berre meir frustrert fordi den vanlige rutina eg opplever blir traust og platt. I natt hadde eg til og med ein dagdraum integrert i draumen.

Dei praktiske daglege tinga... Eg trur aldri eg har vært spesielt flink med dei. Eg sjår på situasjonen min. Baken mella to stolar. Eg liker noko av det eg gjer i situasjonen min, mens det også finns andre forhold som eg hatar. Praktiske eller formelle ting kan virke så enkle, men på same tid vere så vanskelege. Eg ynskjer forandring men er samstundes redd for ho. Ein indre polemikk mella radikalt og konservativt som gjer at alt står stilt. Tyder det at den konservative vinn, eller taper begge to?

Det er hardt for meg å slappe ordentlig av. Kanskje på grunn av den tidligere nemnte indre polemikken. Når dagens arbete er gjort, har eg andre sider som ynskjer utfolding. Kva er det egentlig eg held på med?

Eg legg merke til at tida gjeng framover. Med stormskritt eller sneglefart.